Årsmøtet i Hardanger BTK onsdag kunne slå fast at 2025 vart eit vellukka år for klubben!
Her kjem årsmeldinga som vart godkjend på årsmøtet:
Årsmelding Hardanger Bordtennisklubb 2025 13.03.2026
Innleiing
Her kjem årsmelding for 2025. HBTK lagar kvart år ei kortfatta årsmelding og ei meir omfattande sesongmelding. Desse utfyller kvarandre.
Årsmeldinga vert godkjend på årsmøtet, medan sesongmeldinga vert godkjend av styret etter sesongslutt. Begge vert lagt ut på hbtk.no.
Organisasjon
Styret har vore samansett slik sidan sist årsmøte:
Leiar: Håvard Markhus Vald til 2026
Nestleiar: Lars Henrik Mo Vald til 2026
Styremedlem: Kjersti Hanssen Vald til 2026
Varamedlem: Thor-Arne Lyshaugen Vald til 2026
Valkomitè:
Leiar: Vidar Sangolt Vald til 2026
Medlem: Bente Maubach Vald til 2026
Varamedlem: Aodne Valland Vald til 2026
Kontrollutval:
Leiar: Martin Dalane Vald til 2026
Medlem: Trine Alette Fykse Vald til 2026
Anders Hovden har vore rekneskapsførar.
Ein del verv fylgjer sesongane. Oversikt over desse står i sesongmeldingane.
Styrearbeid
Styret har gjennomført fire styremøte – eitt digitalt og tre fysiske – og har i tillegg hatt kontakt via telefon og epost.
Medlemstal
Klubben hadde 68 registrerte medlemer pr. 31.12.2025.
Forbundsting, regionsting og valde representantar
Håvard Markhus representerte klubben på forbundstinget i mai. Jeannette Huttenlocher representerte klubben på regionstinget i juni. Jeannette fortsette som styremedlem i regionsstyret – sidan ho vart vald for to år i 2024.
Eigne arrangement
Me har arrangert Norheimsund Open samt nokre mindre arrangement.
Dugnad
Kurs
Åtte klubbmedlemer deltok på klubbtrenarkurs i regi av NBTF i Hardanger Bordtennishall. I tillegg deltok Kim-Erling Bolstad-Larssen på kurs om det nye dataprogrammet Stupa i regi av NBTF i Bergen.
Økonomi
Økonomisk gjekk klubben med eit underskot på kr 8 801,- i 2025.
Me har pengar på konto og ein ryddig økonomi.
Diverse
Klubben leiger framleis treningslokale i gymsalen på den tidlegare yrkesskulen i Steinsdalen. Me har kontrakt fram til sommaren 2026.
Klubben har veldig gode treningsforhold i lokalet – som har fått namnet Hardanger Bordtennishall.
Oppsummering
Klubben har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt!
Me har mange aktive medlemer og høgt aktivitetsnivå. Me har fleire aktive medlemer og høgare aktivitetsnivå enn før me fekk tilgang til eige treningslokale i Hardanger Bordtennishall. Me har stor glede og nytte av å ha eige treningslokale. Me har også oppnådd mange gode resultat!
Me kan vera veldig godt nøgde med året! Blant høgdepunkta var då sju klubbmedlemer reiste på ei turnering utanfor Gøteborg og då me arrangerte og stilte med 18 deltakarar i vårt eige Norheimsund Open.
Sjå elles sesongmeldingane, som vert lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt kvart år.
Styret








