
Hardanger BTK sitt andrelag spela torsdag sesongens ellevte kamp i 5. divisjon. Voss var motstandar i deira bordtennishall. Me vann 6-4.
HBTK 2 stilte med Murad Basem Farah, Liam Amir Jamal og spelande lagleiar Jeannette Huttenlocher.
Sigrane kom ved Murad (2), Liam (2), Jeannette og dobbelparet Murad/Liam. Berre ein av kampane gjekk til femte sett. Den vann Jeannette med knappast mogleg margin etter at motstandaren leia 2-0 i sett. Tidlegare noregsmeister Ørjan Müller vann sine tre kampar for vossingane. I dobbel vart det derimot tap for Ørjan og makkeren, og kanskje var det første gong i karrieren at Murad og Liam vann mot ein noregsmeister.
Dermed har andrelaget sikra seg atten av 22 moglege poeng etter elleve spelte kampar.
HBTK 2 toppar framleis tabellen etter gårsdagens kamp, men Bergen PIL 2 har færre spelte kampar og vil truleg gå forbi oss. Uansett er HBTK 2 no sikra å ta gull eller sølv. Sju lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du her.
Neste kamp er sesongens siste. Det er heimekampen mot Heros 5. Den vert spela i Hardanger Bordtennishall fredag 10. april.









