Hardanger BTK har no teke påskeferie. Dei faste treningane og open hall utgår i ferien, men det vil likevel vera mogleg å spela for alle som vil. I den interne facebookgruppa vil me leggja ut info om når nokon av oss vil vera i hallen etter kvart som dette vert bestemt. Alle er velkomne når det er folk i hallen, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.
Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta også kontakt med Håvard dersom du ynskjer å verta informert om når det vert folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.
Etter påske startar me opp att med treningar og open hall til vanlege tider tysdag 07. april.
Under open hall sundag 12. april vert det Vaffelsundag med sal av kaffi og vafler. Dette er vanlegvis første sundagen kvar månad, men grunna påske flyttar me denne vaffelsundagen ei veke. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade.
Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god påskeferie!








