
Seks spelarar og tre lagleiarar frå Hardanger BTK reiste laurdag på eit rekruttstemne i Haukelandshallen i Bergen. I den yngste klassen kom Lamar Basem Farah på ein flott tredjeplass. I den eldste klassen gjekk Shahd Mohammad Alghneem heilt til topps i B-sluttspelet medan Mona Yusuf Noor vart nummer tre. Alle spelarane viste flott innsats i turneringa, som var den første utanfor Kvam for fleire av dei.
Etter turneringa var heile gjengen på Mc Donalds før me reiste heim etter ein vellukka klubbtur!
Neste turnering er årets regionsmeisterskap, som vert arrangert på Stord helga 18.-19. april.








