Hyggjeleg besøk frå Tyskland

Frå venstre: Liam, Murad, Håvard, René, Jeannette, Mohamad og Jens

Hardanger BTK fekk måndag eit kjekt besøk av to hyggjelege bordtennisspelarar – Jens og René – som var på bubilferie i Noreg. Etter nesten to veker på Vestlandet hadde dei funne ut av det var vanskeleg å finna utebordtennisbord under tak og utan vind.. Difor tok dei kontakt med oss. Dei vart med både på open hall på dagtid og ei ekstra treningsøkt på ettermiddagen. Det vart lange økter, og me var minst seks timar i hallen denne dagen. Jens var trenar i klubben deira; SC Wentorf nær Hamburg. Begge kom med gode råd og tankar om bordtennis.

Me fekk også beskjed om at me var hjarteleg velkomne på besøk til klubben deira! Sjølv takkar me Jens og René for besøket, og ynskjer dei velkomne tilbake ein annan gong!

Jens og René
Mange var til stades på føremiddagsøkta. Her frå kaffipausen.
Tysk toppmøte: René, Jeannette og Jens
Murad og René i kamp
René er fotograf og tok fleire bilete med profesjonelt utstyr
Liam. Mohamad, Jens og Murad i dobbelkamp
Nokon hardingar tok også turen innom bubilen til tyskarane
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.