Helga 05.-06. september arrangerer Laksevåg BTK årets utgåve av Lyderhornspretten i Alvøen idrettshall i Bergen.
Laurdagen er det mogleg å delta i to klassar, og det kostar mellom 160 og 210 kroner å delta i dei ulike klassane. Det er klassar for alle aldersgrupper.
Sundagen kan ein delta i ein klasse og det kostar mellom 140 og 230 kroner å delta i dei ulike klassane. Denne dagen vert det arrangert rankingklassar og rekruttklasse.
Påmelding skjer til Håvard (91535549, havard@hbtk.no) seinast 31. august.
Det er fint om nokon melder seg som sjåførar.
Me gjer merksam på at Torgdagen i Norheimsund – der klubben truleg skal ha stand – vert arrangert laurdag 05. september.
NB: Alle som er fødd i 2014 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje rekruttklassen.








