
Etter fire år i Steinsdalen flyttar Hardanger BTK no til Torpe Møbelfabrikk i Øystese. Me har i første omgang inngått ein eitt-årig leigeavtale frå 1. august med Torpe Eigedom AS, men begge partar håpar på eit langt og godt samarbeid.
I Steinsdalen har me hatt gode år i gymsalen på tidlegare Norheimsund yrkesskule. Klubben har hatt flott auke i både antal aktive medlemer og aktivitet medan me har vore der. Me takkar utleigar Dalatunvegen AS for godt samarbeid!
Hovudårsakene til at me flyttar til Øystese er at me har fått ein gunstigare avtale og at det nye lokalet ligg meir sentralt til – like ved Essostasjonen i Øystese. Til Steinsdalen har dei fleste måtta nytta bil. Det nye lokalet ligg i gang eller sykkelavstand for langt fleire.
I lokala i Øystese vert det plass til minst 6 bord. I tillegg har me tilgang til toalett. Kjøkenkrok, sofa, premieskap og lager med meir vert det plass til i sjølve treningslokalet. Lokala er universelt utforma. Ein kan køyra heilt fram til inngangsdøra. Lokala ligg i andre etasje, men dei som har behov for det kan nytta heis.
Me trur lokala er svært godt eigna til vårt føremål! Me ser fram til å kunna gje eit minst like godt tilbod som før til både eksisterande og nye medlemer og grupper.
Ivrige klubbmedlemer har allereie bidrege med måling og vasking i dei nye lokala. Ny sjanse til å bidra på dugnad vert på dagtid torsdag 23. juli. Då flyttar me bord og utstyr til Øystese og vaskar og ryddar i Steinsdalen. Ta kontakt med Håvard (havard@hbtk.no, 91535549) dersom du har høve til å bidra.
Siste sjanse til å spela i hallen i Steinsdalen vert under open hall kl. 11.00-12.30 torsdag 23. juli. Deretter vert det ein pause til me opnar nye Hardanger Bordtennishall tidleg i august. Der ser me fram til ein ny sesong der me fortsatt vil kunna tilby «Bordtennis for alle – 24/7!» i vår eigen bordtennishall!








