
Laksevåg BTK arrangerte bordtennisleir i Alvøen idrettshall i Bergen 29.-juli-02. august. Liam Amir Jamal frå Hardanger BTK deltok på leiren. Der fekk han mykje god trening under leiing av den svenske trenaren Tobias Bergman. I tillegg hadde han kjekke dagar sosialt saman med spelarar frå andre klubbar. Etter deltakinga på leiren er Liam no godt førebudd til den nye sesongen!








