Vaffelfredag og torgdag

Fredag 04. september er det Vaffelfredag med sal av kaffi og vafler, slik det no vert første fredagen kvar månad. Det vert også – som alltid – mogleg å kjøpa brus og sjokolade.

Arrangementet er frå kl. 18.00-19.30. Alle er velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

Dei siste sesongane har me hatt Vaffelsundag. No endrar me dette til Vaffelfredag, og første sjanse til å vera med på dette vert altså fredag 04. september.

Laurdag 05. september er det klart for den tradisjonsrike torgdagen i Norheimsund. Hardanger BTK er som vanleg på plass med stand. Me håpar både medlemer og andre tek turen innom standen vår!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.