Vellukka torgdag!

Mange ville prøva bordtennis!

Laurdag vart den tradisjonsrike torgdagen arrangert i Norheimsund. Hardanger Bordtennisklubb var på plass med stand. Me hadde med oss to minibordtennisbord og informasjon om klubben. Veldig mange var innom standen for å prøva bordtennis! Sju representantar for klubben stilte opp på dugnad under torgdagen. Me gjennomførte ein vellukka torgdag, og håpar å sjå endå fleire i hallen vår etter arrangementet!

NB. Dagen før varma me opp til torgdagen med Vaffelfredag der heile 23 personar møtte opp! Sundag avsluttar me helga med deltaking i Lyderhornspretten i Bergen.

I år satsa me på minibord
Asiatiske turistar var så imponerte over det dei såg at det måtte dokumenterast!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.