Flotte plasseringar i Stord Cup!

Frå venstre: Murad, Liam, Mohamad og Sigve

Hardanger BTK stilte med fem deltakarar under Stord Cup, som vart arrangert i Vikahaugane Sportssenter på Stord i helga. Våre spelarar sikra seg til saman fire andreplassar og ein tredjeplass.

I herrar junior vart det ein solid andreplass på Sigve Haugland, medan Mohamad Basem Farah vart nummer tre. Sigve debuterte for Hardanger BTK, etter at han tidlegare i veka meldte overgang frå Sportsklubben Heros. I herrar E kom Liam Amir Jamal seg heilt til finalen, og sikra seg ein sterk andreplass! Sigve og Murad kom begge på femteplass. Murad imponerte med å slå den førsteseeda spelaren i klassen. I herrar C sikra Mohamad seg ein fin femteplass.

I herrar E dobbel vart det ein sterk andreplass på Murad og Sigve. I ein jamnspelt finale tapte dei mot eit par dei først slo i puljespelet.

I herrar dobbel vart det femteplass på Håvard Markhus og makker Kjetil Korneliussen frå Sportsklubben Heros.

Alle resultat finn du her.

Hardanger BTK er veldig godt nøgde med spel, resultat og innsats i turneringa! Me gratulerer spelarane våre med sterke prestasjonar!

Neste turnering er Fjell Cup i Bergen laurdag 17. oktober.

Liam kom på ein sterk andreplass i herrar E!
Sigve har meldt overgang til Hardanger BTK, etter at han i haust byrja på Framnes Kristne Vidaregåande Skule
Murad og Sigve sikra seg sølv i herrar E dobbel då dei spelte dobbel saman for første gong!
Håvard spelte dobbel med Kjetil «Golden Boy» Korneliussen.
Liam stilte opp som coach for Svenn Endre Hannevig frå Stord BTK.
70-årsdagen til Atle «AI» Irgens i arrangørklubben vart markert sundagen. Per Øystein Kannelønning stilte opp med gitaren.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.