I veke 41 er det haustferie.
Open hall for pensjonistar og andre kl. 11.00-12.30 måndag 05. oktober og torsdag 08. oktober går som normalt. Alle er velkomne desse dagane, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.
Dei andre faste tidene utgår i ferien, men truleg vil det vera folk i hallen for å spela også til andre tider. I så fall vil det verta lagt ut info om dette i den interne facebookgruppa etter kvart som dette vert bestemt. Også då er alle velkomne, men barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.
Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du vil bli medlem i den interne facebookgruppa. Ta kontakt med han dersom du ynskjer å verta informert om når det er folk i hallen eller dersom du ynskjer å låna hallen i ferien.
Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god haustferie!








