Vaffelfredag og opningsmarkering i Hardanger Bordtennishall

Første fredagen i kvar månad har Hardanger BTK Vaffelfredag. Fredag 06. november kombinerer me Vaffelfredagen med opningsmarkering i nye Hardanger Bordtennishall. Hallen vert open frå 18.00 til 19.30, og folk kan koma og gå som dei vil innanfor denne tida. Det vert eit uformelt arrangement – utan lange talar, pomp og prakt.

Vanlegvis må ein betala litt for godsakene på Vaffelfredag, men denne gongen vert det gratis vafler, kaffi og brus. Det vert mogleg å sjå seg rundt i lokalet, og det vert sjølvsagt mogleg å spela bordtennis for dei som ynskjer det.

Alle medlemer er hjarteleg velkomne, og ein kan ta med familie og vener! Barn må koma i fylgje med vaksne eller etter avtale.

For at alle våre medlemer skal kunna vera med, håpar me alle kan unngå bruk av alle typar parfymerte produkt.

Adressa til hallen etter at me flytta er: Vavollen 5, 5610 ØYSTESE. Gå inn inngang ved møbelutsal, opp trapp til andre etasje og gjennom sengeavdeling. Ta kontakt med Håvard Markhus (91535549, havard@hbtk.no) dersom du ikkje kan gå i trapp.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.