To sigrar i serieopninga i 5. divisjon!

Frå venstre: Vegard, Vladyslav, Håvard og Murad

Hardanger BTK sitt andrelag spela laurdag sesongens to første kampar i 5. divisjon. Laksevåg 6 og Laksevåg 8 var motstandarar i deira bordtennishall i Alvøen. Me vann begge kampane 7-3!

HBTK 2 stilte med Murad Basem Farah og debutant Vladyslav Krasnobokyi i begge kampane. I tillegg spela Håvard Markhus mot Laksevåg 6 medan broren Vegard Markhus spela mot Laksevåg 8.

Mot Laksevåg 6 kom sigrane ved Murad (3), Håvard (3) og dobbelparet Murad/Håvard. Mot Laksevåg 8 kom sigrane ved Murad (3), Vegard (3) og dobbelparet Murad/Vegard. Berre ein kamp gjekk til femte sett. Den vann Murad – etter å ha lege under 2-0 i sett og hatt matchball mot – i ein kamp der alle setta vart vunne med to poengs margin!

Dermed toppar Hardanger BTK tabellen med fire poeng av fire moglege etter to spelte kampar.

Åtte lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du seinare på bordtennis.no, men dette er ikkje lagt ut enno.

Neste kamp er ein heimekamp mot Fjell 3. Den vert truleg spela i Hardanger Bordtennishall førstkomande sundag.

Murad – her med halloweenpynt i høve dagen – vann samtlege kampar i serieopninga!
Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.