Siger i serieopninga i 4. divisjon!

Mohamad, Kristian, Liam og Sigve sørga for HBTK-siger!

Hardanger BTK sitt førstelag spela tysdag sesongens første kamp i 4. divisjon. Bergen PIL 2 var motstandar i deira bordtennishall i Bergen. Me vann kampen 7-3!

HBTK stilte med Mohamad Basem Farah, Liam Amir Jamal og Sigve Haugland frå start, medan Kristian Sørheim kom inn i dobbel og ein singel. Sigve debuterte for HBTK i seriesamanheng. Sigrane kom ved Sigve (3), Mohamad (2), Liam og Kristian. To av kampane gjekk til femte sett, og me vann begge.

Sju lag er med i avdelinga. Terminliste, resultat, tabell og oversikt over årets lagspelar finn du seinare på bordtennis.no, men dette er ikkje lagt ut enno.

Neste kamp er ein bortekamp mot Laksevåg 5. Den vert spela i Bergen laurdag 28. november.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.