Sundag arrangerte Strand Ulv IL Pinsecup på Hatlestrand. Spelarar frå Hardanger BTK, Skjoldar BTK, Stord BTK, Strand Ulv IL og Bergen HIL deltok. Hardanger BTK stilte med ei rekkje spelarar, og våre medlemer hevda seg godt. I singelklassen gjekk det best med Jack Feng og Håvard Markhus, som kom på delt tredjeplass blant dei 24 deltakarane. Lars Opheim vart nummer fem.
I dobbel vart spelarane sett saman etter rankingplassering. Zosia Ostrowska frå Hardanger BTK spela saman med tidlegare kongepokalvinnar og noregsmeister Roger Andersson frå Stord BTK. Dei gjekk heilt til topps! I ein svært jamn finale slo dei Tora Aksnes-Øystese (Hardanger BTK) og Atle Irgens (Stord BTK). Terje Aksnes-Øystese vart nummer tre saman med Brage Wannberg frå Skjoldar. Roger og Zosia vant med knappast mogleg margin – kun to poeng i femte og avgjerande sett – både i finalen og semifinalen!
Dette var den første offisielle turneringa på Hatlestrand, og kampane tel på rankinga. Turneringa var svært vellukka, og me ser fram til nye turar til Hatlestrand!









