Lars til topps på Stord!

Lars Opheim frå Hardanger BTK gjekk til topps i herrar E i Mai Cup på Stord laurdag! I finalen slo han faren Sveinung Opheim. Ti deltakarar var med. I herrar D vart det femteplass på dei to Hardanger-spelarane. Atten spelarar var med i denne klassen.

Lars og Sveinung var klubbens einaste deltakarar i turneringa, og me gratulerer dei med flotte resultat! Neste helg deltek tre Hardanger-medlemer i Mega Cup på Lørenskog.

Dei to karane i midten, Lars og Sveinung Opheim, hevda seg godt i Mai Cup på Stord!

Dei to karane i midten, Lars og Sveinung Opheim, hevda seg godt i Mai Cup på Stord!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.