Velkomen til Hardanger Sommarleir 2014!

Måndag 4. august startar årets sommarleir i Norheimsund. Hardanger BTK, Bergen HIL og Stord BTK er arrangørar. 36 deltakarar frå ni klubbar er påmeldte, noko som er ny rekord! Tek me med trenarar, sparring og leiarar vil rundt femti bordtennisentusiastar vera samla i Norheimsund fram til fredag 8. august.

Norges mestvinnande bordtennisspelar gjennom tidene, Tom Johansen, er
trenar under leiren. Det same er noregsmeister Christine Mettner. Paralympisk
meister Tommy Urhaug og noregsmeister Roger Andersson er på plass som sparring.
Det same er Per Liland Hartveit. I tillegg medverkar trenarar og sparring frå
arrangørklubbane. President i Norges Bordtennisforbund, Øivind Eriksen, vitjar
leiren tysdag.

Deltakarane på fjorårets sommarleir i Hardanger

Deltakarane på fjorårets sommarleir i Hardanger

 

 

 

 

 

 

 

Treningane og måltida vert i Norheimsund idrettshall. Overnatting vert på Norheimsund Skule, som ligg i det same bygget som hallen.  Mange av aktivitetane vert også i det same området.

Fredagen vert leiren avslutta med ei leirturneringa. Den er  open også for spelarar som ikkje deltek på leiren.

Meir info om leiren finn du under Sommarleir 2014 i menyen over.

Arrangørklubbane Hardanger BTK, Stord BTK og Bergen HIL ynskjer velkomne til bordtennisleir i Norheimsund!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.