Laurdag arrangerer Fjell årets regionsmeisterskap i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen. Hardanger BTK deltek med fem spelarar. Her fylgjer info vedrørande stemnet:
Fylgjande spelarar frå Hardanger BTK er påmeldte til RM laurdag
Christian Sylta hc, hd
Jannik Huttenlocher nyb, g11
Daniel Nærbø nyb, g11
Sarah Rosseland nyb, j11
Malin Beijersbergen nyb, j11
Lagleiarar: Roger Andersson, Iselinn Stuve
Transport: Huttenlocher og Rosseland køyrer og avtalar med dei som skal sitja på med dei. Alle som skal delta i nybyrjarklassane møter i hallen seinast 09.30.
Ta med racket, innesko, shorts, t-skjorte, treningsdrakt (viss du skal vera lenge i hallen) og drikkeflaske. Skal du vera lenge i hallen bør du også ta med niste eller pengar til å kjøpa mat i kiosken i hallen. Du treng ikkje ta med meir pengar. Me sender giro på stemnedeltakinga seinare.
Ta kontakt med Håvard (91535549) dersom de har spørsmål
Lukke til!








