Thomas Sætre frå Hardanger BTK vann herrar B og vart nummer tre i herrar open under årets regionsmeisterskap, som vart arrangert i Fyllingsdalen idrettshall i Bergen laurdag. Thomas var nære finaleplass også i herrar open, men tapte 11-9 i femte og avgjerande sett mot Jan Roger Andersson i semifinalen.
Fire nybyrjarar frå Hardanger BTK deltok også i årets RM. Desse viste flott innsats, men gjekk ikkje vidare frå puljespelet.
HBTK-trenar Roger Andersson vart regionsmeister både i herrar open og i herrar dobbel. I dobbel spela han saman med sonen Jan Roger.
Neste turnering er Hardanger Sommarcup, som vert arrangert i Norheimsund 5. juni.









