Avslutning for nybyrjarane

Det er vår og ein del av nybyrjarane har trappa ned med bordtennis til fordel for fotball og andre uteaktivitetar. Me vonar likevel flest mogleg av nybyrjarane vil koma på treninga torsdag 26. mai kl. 18.00. Det vert siste nybyrjartreninga denne våren. Då vert det leikar og konkurransar med premiar til alle!

Me minner elles om Hardanger Sommarweekend, som vert arrangert i Norheimsund 3. -5. juni. Mange av klubbens medlemer, både nybyrjarar og andre, har meldt seg på, men det er framleis plass til fleire. Det er mogleg å vera med heile helga, eller berre delar av ho, til dømes berre på Hardanger Sommarcup sundag 5. juni. Sjå meir info i menyen øverst på sida.

NB. Dei andre treningane i klubben fortset også etter 26. mai, og nybyrjarar som ynskjer det kan vera med på desse.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.