Vellukka avslutning for nybyrjarane!

Denne gjengen var til stades på årets siste nybyrjartrening.

Denne gjengen var til stades på årets siste nybyrjartrening.

Torsdag hadde nybyrjarane si siste trening før sommaren. Trass i strålande vèr møtte åtte born opp! Dei fekk prøva seg i ei rekkje ulike leikar og konkurransar. Til slutt fekk alle is og sjokolade.

Denne sesongen har me hatt veldig mange nybyrjarar i klubben! Me ynskjer alle nybyrjarane ein god sommar og  velkomne tilbake til hausten!

NB. Dei andre treningane i klubben fortset ei stund til. Nybyrjarar som ynskjer det kan delta på desse treningane. Fleire av nybyrjarane skal også delta på Hardanger Sommarweekend neste helg.

2016-05-26 18.46.35

 

 

 

 

2016-05-26 18.34.53

 

 

 

 

 

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.