Thomas Låte representerte det norske juniorlandslaget under EM for juniorar og kadettar, som vart arrangert i Cluj Napoca i Romania 15.-24. juli. Det vart eit vellukka meisterskap for HBTK-spelaren!
Thomas kom godt førebudd til EM. Dei siste fire vekene før meisterskapen trena han på forbundssenteret i Oslo. I tillegg har han representert Noreg i turneringar i Belgia, Slovakia og Estland i løpet av våren. Dei siste seks vekene før EM har han såleis berre vore heime ei helg.
I herrar junior lag spela Noreg i B-gruppa. Dei vann først alle kampane i puljespelet, der dei møtte Estland, Bulgaria og Litauen. I play-off om opprykk for å spela om plass 1-16 vart det 1-3 –tap mot Hellas. I vidare plasseringsspel vart det sigrar mot Austerrike, Bulgaria og Slovenia, men tap mot Ukraina. Dette gav dei norske juniorane ein flott 21. plass blant 42 lag. Totalt vann laget 6 av 8 lagkampar. Thomas vann fleire kampar i lagklassen, og bidrog såleis til ei flott plassering for laget!
I junior mix spela Thomas med Anne Kalvatn. Dei vann første kamp 3-2 mot eit par frå Hellas, men dei måtte sjå seg slått 3-0 av eit langt høgare rangert par i neste kamp. Paret presterte bra, særleg med tanke på at dette var første gong dei spela saman.
I herrar junior dobbel spela Thomas med Finn Vetvik. Dei har begge vist at dei kan gjera det bra i dobbel. Under EM var dei uheldige med trekninga og møtte 5. seeda par (Ross og Mutti, Italia) i første kamp, noko som førte til tap allereie då.
I herrar junior singel møtte Thomas Maksim Vuhka frå Estland. Vuhka er langt høgare rangert enn Thomas, som har tapt mot estlendaren i dei tre siste oppgjera dei i mellom. Denne gongen gjekk det endeleg Thomas sin veg. Det vart ein jamn, dramatisk og velspelt 7-settar , der Thomas vann 11-9 i 7. sett etter femti minuttars spel.
I neste kamp møtte Thomas endå høgare rangerte Limonov frå Ukraina, i ein kamp som vart livestreama på nettet. Thomas spelte endå ein god kamp og heldt godt følge, men det vart til slutt 2-4-tap.
I consolation vart det to sigrar, ein på WO samt 3-0 mot Hassan fra Tyrkia, før det vart 3-1 tap mot Daniel Simonsen fra Danmark.
Thomas hadde faren Tony med seg blant dei norske supporterane på tribunen. HBTK-spelaren gjennomførte eit vellukka EM! Han vann fleire kampar og presterte veldig godt, også i kampar som enda med tap. Han har aldri spela betre internasjonalt. I møte med dei beste i Europa lærer han stadig og ser samstundes kva han har å strekka seg mot.
Me gratulerer Thomas og dei andre norske med eit flott gjennomført EM!
Foto: Tony Låte












