«Bordtennisdraumen»

«- Norheimsund skal bli eitt av flaggskipa i norsk bordtennis, påstår Håvard sjølvsikkert medan han ser oss knallhardt i augo. – Europacupspel er nok heller ikkje langt unna når toppen er nådd.

Men enno slit dei i startgropa. Med nest siste plass i 4. divisjon i fjor, verkar draumen om europacup-spel ein tanke vekke.» Dette stod å lesa i eit underhaldande intervju med Håvard Markhus i skuleavisa for Øystese Gymnas i 1994. Ein av journalistane bak intervjuet, som hadde tittelen «Bordtennisdraumen», spela elles på laget vårt i 4. divisjon på denne tida.

Om lag ti år seinare vart Håvard igjen intervjua av ei skuleavis – denne gong for skuleavisa til Norheimsund ungdomsskule. «Eliteserien er målsetjinga», stod det den gongen.

25 år etter det første intervjuet – og etter diverse opp- og nedrykk – er Hardanger BTK klare for – ikkje europacupspel – men i alle fall eliteserien.

I samband med dette har me laga ein promofilm. Sjå filmen her – og møt opp på Framnes Arena!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.