Det var godt oppmøte på treningane også sist veke! I veke 23 vert det trening tre dagar.
På tysdagen vert det ei lita klubbturnering for dei av borna som ynskjer å vera med på det. Dersom nokon born heller vil trena vanleg kan dei det.
Tidene for neste veke ser sånn ut:
Tysdag 2. juni
kl. 17.30-19.00 Trening for vaksne og ungdomar
kl. 18.00-19.00 Trening og turnering for born
Onsdag 3. juni
kl 19.00-20.30 Trening for vaksne og ungdomar
Torsdag 4. juni
kl. 18.00-19.30 Trening for vaksne og ungdomar
kl. 18.00-19.00 Trening for born
Treningane vert gjennomført i tråd med Corona-vettreglar for bordtennis.
Hardanger Bordtennisklubb ynskjer alle bordtennisvener ein god pinse!








