Årsmelding 2019

Årsmøtet i Hardanger BTK 17. juni kunne slå fast at 2019 vart eit vellukka år for klubben!

Her kjem årsmeldinga som vart godkjend på årsmøtet:

Årsmelding Hardanger Bordtennisklubb 2019

Innleiing

Det har blitt utfordrande å skriva årsmelding etter at Noregs idrettsforbund vedtok at årsmøte skal gjennomførast seinast i mars. Det har gjort at ein har måtta skriva om to halve sesongar. Klubben vil difor gå over til å laga ei kort årsmelding som dekkjer perioden mellom dei to årsmøta. Denne vil verta lagt fram på årsmøtet. I tillegg vil ein laga ei sesongmelding som dekkjer sesongen. Denne vil verta godkjend av styret og lagt ut på heimesida til klubben etter kvar sesong.

Organisasjon

Styret har vore samansett slik:

Leiar:                          Jack Feng                               Vald til 2020

Nestleiar:                    Ivo Beijersbergen                   Vald til 2020

Styremedlemer:          Jan Roger Andersson             Vald til 2020

                                   Iselinn Stuve                          Vald til 2020

                                   Jeannette Huttenlocher          Vald til 2020

Varamedlemer:           Liselotte Takken                    Vald til 2020

                                   Tony Låte                               Vald til 2020

Fylgjande personar vart vald til andre oppgåver på sist årsmøte:

Revisor:                      Thomas Sætre                        Vald til 2020

Valkomitè:                  Håvard Markhus, Roger Andersson og Simon Feng Vald til 2020

Fylgjande personar har hatt faste oppgåver sidan sist årsmøte:

Sportsleg utval:

Leiar:                          Håvard Markhus

Medlemer:                  Roger Andersson

                                   Jack Feng

Dugnadsutval:                        Jeannette Huttenlocher

                                   Iselinn Stuve

Rekneskapsførar:       Anders Hovden

Sponsorarbeid:           Jack Feng, Håvard Markhus og Vidar Sangolt

Medlemsansvarleg:     Ivo Beijersbergen

Politiattestar: Ivo Beijersbergen

Nettside: Håvard Markhus, Jack Feng

Veterankontakt: Endre Furu

Fylgjande personar har hatt faste oppgåver sesongen 2019-2020:

Trenarar:                     Roger Andersson, Håvard Markhus, Liselotte Takken, Ivo Beijersbergen og Jan Visser

Lagleiarar:                   Jack Feng og Roger Andersson (HBTK 1), Håvard Markhus (HBTK 2)

Påmeldingsansvarleg: Roger Andersson

Materialforvaltar (innkjøp): Roger Andersson

Materialforvaltar (reparasjonar): Roger Andersson, Vidar Sangolt

Styrearbeid

Styret har gjennomført to styremøte og har i tillegg hatt kontakt via telefon og mail.

Medlemstal, rekruttering, treningar

Klubben har hatt over femti medlemer. Rekrutteringa har vore veldig god!  Me har mange aktive medlemer – både born, ungdomar og vaksne og av begge kjønn! Hausten 2019 har det blitt fleire aktive ungdomar i klubben, noko som er svært gledeleg! Klubben hadde trening i Norheimsund idrettshall fem dagar i veka våren 2019. Hausten hadde me trening i idrettshallen fire dagar i veka og i Framnes Arena ein dag i veka.

Tilbod på vidaregåande skular

Jan Roger Andersson hadde bordtennis som toppidrett valfag på Kvam vidaregåande skule våren 2019. Ingen klubbmedlemer hadde bordtennis på vidaregåande skule hausten 2019.

Skulebesøk

Klubben har ikkje gjennomført bordtennisøkter med klassar på nokon skular denne perioden, men me har hatt enkel opplæring av lærar som gjennomførte økter med elevar på Framnes Kristne Vidaregåande Skule.

Farmerklubb og medlemer andre stader

Strand ULV IL BTG  på Hatlestrand er farmerklubb av Hardanger BTK. Dette er vår første farmerklubb nokon gong. Klubben har hatt ikkje hatt noko aktivitet denne perioden.

Hardanger BTK har aktive medlemer i Bergen, Stord, Polen, Sverige og Slovenia i tillegg til i fleire bygder i Kvam.

Trenarar

Hovudtrenar har vore tidlegare kongepokalvinnar Roger Andersson. I tillegg har Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen, Liselotte Takken og Jan Visser vore trenarar.

Seriespel (lag, plassering, spelarar, årets lagspelar, spelarar som jubilerer)

Hardanger BTK  hadde to lag i seriesystemet sesongen 2018-2019. Førstelaget vann 1. divisjon og rykka opp til eliteserien! Andrelaget vart nummer tre i 4. divisjon. Roger Andersson vart årets lagspelar i 1. divisjon, medan Håvard Markhus vart nummer to i same kåring i 4. divisjon.

På førstelaget spela Roger Andersson, Thomas Låte, Jan Roger Andersson og Jack Feng. På andrelaget spela Endre Furu, Piotr Kostrzewski, Ivo Beijersbergen, Håvard Markhus, Erik Berge Saue og Johannes Furu Skarpeid.

I løpet av sesongen 2018-2019 passerte Thomas Låte og Jan Roger Andersson 25 A-lagskampar.

Sesongen 2019-2020 hadde me også to lag i seriesystemet. Resultata kjem i sesongmelding for sesongen 2019-2020.

Våren 2019 spela Roger og Jan Roger Andersson seriespel for Kyrkhults BTK i Sverige. Hausten 2019 spela Thomas Låte samt Roger og Jan Roger seriespel for Kyrkhults BTK.

Deltaking i turneringar i Noreg

Klubben har hatt deltakarar med i senior-NM, veteran-NM, NM for eldre junior, NM for junior, tre Norges Cup-stemne, Stiga Norges Cup-finale og diverse lokale stemne.

Resultat

Spelarane våre har oppnådd mange flotte resultat! 

Jan Roger Andersson fekk ein imponerande og overraskande bronsemedalje i herrar singel i EM for døve i Bulgaria!

I NM for senior fekk Roger Andersson sølv i herrar elite. Han fekk også sølv saman med Rebecca Carlsen frå B-72 i mix dobbel.

I NM for veteranar vart Roger Andersson noregsmeister i herrar singel 40 og i herrar dobbel 35, der han spela med Raymond Bergaas frå Heros. Roger fekk sølv i mix dobbel 35 saman med Camilla Henriksen frå Langhus IL. Endre Furu var noregsmeister i herrar ståande singel 35, der han spela saman med Tommy Urhaug frå Stord BTK. Han fekk også bronse i herrar 35 funksjonshemma open.

I NM for junior vart Thomas Låte noregsmeister i mix junior dobbel, der han spela saman med Rikke Skåttet frå B-72.Thomas sikra seg i tillegg sølv både i herrar junior singel og i herrar junior dobbel, der han spela saman med Sigurd Sørheim frå Fornebu BTK.

I NM for eldre junior vart det bronse på Hardanger BTK i herrar eldre junior lag. På laget spela Thomas Låte, Jan Roger Andersson, Jack Feng og Simon Feng, medan Roger Andersson var lagleiar. Thomas og Jan Roger fekk også bronse i herrar eldre junior dobbel.

I Stiga Norgescupfinalen 2019 vart Roger Andersson nummer fire i herrar elite, medan Jan Roger Andersson vart nummer seks i herrar eldre junior.

Hausten 2019  hevda klubbmedlemer seg godt i Norges Cup-stemne. Resultata kjem i sesongmelding for sesongen 2019-2020.

Lagsmeistrar

Lagsmeistrar 2019 vart Roger Andersson (herrar open) og Håvard Markhus/Jannik Huttenlocher (herrar/damer dobbel).

Forbundssamlingar, landslagsoppdrag og deltaking i utlandet

Jan Roger Andersson har delteke på forbundssamling for senior og junior i Oslo.

Han representerte Noreg i EM for døve i Bulgaria.

Forbundsting, regionsting og valde representantar

Håvard Markhus og Roger Andersson representerte klubben og Jack Feng representerte regionen på regionstinget i mai 2019. Jack tok gjenval som styremedlem i Bordtennisregion Vest, medan Iselinn Stuve vart vald inn som ny styremedlem.

Jack deltok hausten 2019 på eit møte i regi av Norges Bordtennisforbund i Oslo, der ein diskuterte breidde og rekruttering.

Diverse (stipend, jubileum m.m.)

Roger Andersson vart kåra til Årets mannlege veteran 2019.

Eigne arrangement

Klubben har arrangert Norheimsund Open, heimekampar i eliteserien og 4. divisjon, halloweentrening, julegristurnering og juleavslutning. I tillegg hadde me ei treningssamling saman med det austerriske døvelandslaget i Norheimsund. I eliteserien gjennomførte me ein vellukka samlerunde i Framnes Arena med over hundre tilskodarar totalt.

Me arrangerte kretsmeisterskap i Bergen saman med Bergen HIL og me hjelpte til under NM for veteranar, som vart arrangert i Bergen av Sportsklubben Heros.

Sponsorar og støtte

Klubben har hatt hovudsponsoravtalar med Sparebanken Vest, Kvam Auto, Lingalaks og Thon Hotel Sandven. Me har også hatt fleire mindre sponsoravtalar.

Media

I løpet av perioden har klubben hatt god dekning i Hordaland Folkeblad. Avisa Sunnhordland har skrive litt om klubbens stordabuer.

Me laga også ein promofilm for eliteserien som var delt via facebook og heimesida til klubben.

Innkjøp av utstyr og drakter

Klubben har kjøpt inn nye racketar. Me har framleis ein svært god utstyrspark!

Treningsforhold og hall

Klubben har gode treningsforhold i Norheimsund idrettshall. Me har også trena i Framnes Arena ein dag i veka hausten 2019. Me har fire bord utplassert i Framnes Arena og eitt i festsalen på Kvam vidaregåande skule avdeling Øystese.

Me vurderer også fleire alternativ med tanke på bordtennishall.

Økonomi

Økonomisk gjekk klubben med eit underskot på kr 22 105,– i 2019.  Me har pengar på konto og ein ryddig økonomi.

Dugnad

Klubbens medlemer har utført dugnadsarbeid i samband  med Norheimsund Open, samlerunde i eliteserien, NM for veteranar og kretsmeisterskap.

Oppsummering

Me har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt! Klubben kan vera veldig godt nøgd med 2019!

Styret

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.