Sesongmelding 2019-2020

Her kjem sesongmelding for sesongen 2019-2020. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du oppdagar feil eller manglar i sesongmeldinga.

Sesongmelding Hardanger Bordtennisklubb sesongen 2019-2020

Innleiing

Det har blitt utfordrande å skriva årsmelding etter at Noregs idrettsforbund vedtok at årsmøte skal gjennomførast seinast i mars. Det har gjort at ein har måtta skriva om to halve sesongar. Klubben vil difor gå over til å laga ei kort årsmelding som dekkjer perioden mellom dei to årsmøta. Denne vil verta lagt fram på årsmøtet. I tillegg vil ein laga ei sesongmelding som dekkjer sesongen. Denne vil verta godkjend av styret og lagt ut på heimesida til klubben etter kvar sesong. Her kjem den første sesongmeldinga.

Medlemstal, rekruttering, treningar

Klubben har hatt over femti medlemer. Rekrutteringa har vore veldig god!  Me har mange aktive medlemer – både born, ungdomar og vaksne og av begge kjønn! Me har fått fleire aktive ungdomar i klubben, noko som er svært gledeleg! Klubben har hatt trening i Norheimsund idrettshall fire dagar i veka og i Framnes Arena ein dag i veka.

Skulebesøk

Klubben har ikkje gjennomført bordtennisøkter med klassar på nokon skular denne sesongen, men me har hatt enkel opplæring av lærar som gjennomførte økter med elevar på Framnes Kristne Vidaregåande Skule.

Farmerklubb og medlemer andre stader

Strand ULV IL BTG  på Hatlestrand er farmerklubb av Hardanger BTK. Dette er vår første farmerklubb nokon gong. Klubben har hatt ikkje hatt noko aktivitet denne sesongen.

Hardanger BTK har aktive medlemer i Bergen, Stord, Polen, Sverige og Slovenia i tillegg til i fleire bygder i Kvam.

Trenarar

Hovudtrenar har vore tidlegare kongepokalvinnar Roger Andersson. I tillegg har Håvard Markhus, Ivo Beijersbergen, Liselotte Takken og Jan Visser vore trenarar.

Seriespel (lag, plassering, spelarar, årets lagspelar, spelarar som jubilerer)

Hardanger BTK  hadde to lag i seriesystemet sesongen 2019-2020. Førstelaget vart nummer fire i grunnspelet og tre i sluttspelet i debutsesongen i eliteserien. I 4. divisjon stilte felleslaget Hardanger 2/Bergen HIL 3. Felleslaget låg på nest siste plass blant seks lag då serien vart stoppa av koronaviruset.

Roger Andersson og Daniel Schaffer kom begge på delt tredjeplass i kåringa av årets lagspelar i eliteserien, medan Håvard Markhus vart nummer fire i same kåring i 4. divisjon.

På førstelaget spela Roger Andersson, Thomas Låte, Jan Roger Andersson, Jack Feng, Daniel Schaffer og Aljaz Godec. På andrelaget spela Ivo Beijersbergen, Håvard Markhus, Aodne Valland og Jannik Huttenlocher frå HBTK og Jan Erik Støldal, Kåre Skorpen, Sverre Valderhaug, Odin Dyrkolbotn og Brede Arnøy frå Bergen HIL.

I løpet av sesongen spela Roger Andersson sin A-lagskamp nummer 50!

Jack Feng og Roger Andersson var lagleiarar for førstelaget og Håvard Markhus for felleslaget.

Roger Andersson, Jan Roger Andersson og Thomas Låte spela seriespel for Kyrkhults BTK i Sverige.

Deltaking i turneringar i Noreg

Klubben har hatt deltakarar med i senior-NM, NM for eldre junior, tre Norges Cup-stemne og diverse lokale stemne. Fleire store arrangement som me skulle ha delteke på vart avlyst grunna koronaviruset.

Resultat

Spelarane våre har oppnådd mange flotte resultat! 

I NM for senior vart Roger Andersson noregsmeister i mix dobbel saman med Sarah Horgen frå Stord BTK. Jack Feng sikra seg ein sensasjonell bronsemedalje i den same klassen saman med Ida Høimyr frå Notodden BTK. Roger fekk også bronsemedalje i herrar singel. I herrar lag fekk me for første gong NM-medaljar. Det vart bronse til laget, som i tillegg til Roger bestod av Jan Roger Andersson, Thomas Låte og lagleiar Jack.

I NM for eldre junior vart det sølv til Thomas Låte og Jan Roger Andersson i herrar eldre junior dobbel. Det vart bronse på Hardanger BTK i herrar eldre junior lag. På laget spela Thomas og Jan Roger samt Jack Feng, medan Roger Andersson var lagleiar. Thomas sikra seg to bronsemedaljar til; i herrar eldre junior singel og saman med Sarah Horgen frå Stord BTK i eldre junior mix dobbel.

Roger Andersson sikra seg ein første-, ein andre- og ein tredjeplass i herrar elite i tre ulike NC-stemne. Thomas Låte gjekk til topps i herrar eldre junior i eit NC-stemne. Han vart nummer to i den same klassen og nummer tre i herrar elite i eit anna NC-stemne.

Stiga Norgescupfinalen, NM for veteran og EM for døve vart avlyst grunna koronaviruset.

Lagsmeistrar

Lagsmeisterskapen 2020 vart utsett grunna koronaviruset.

Forbundssamlingar, landslagsoppdrag og deltaking i utlandet

Jan Roger Andersson har delteke på forbundssamling for senior og junior i Oslo.

Eigne arrangement

Klubben har arrangert Norheimsund Open, heimekampar i eliteserien og 4. divisjon, halloweentrening, julegristurnering, juleavslutning og klubbturnering for born. I tillegg hadde me ei treningssamling saman med det austerriske døvelandslaget i Norheimsund. I eliteserien gjennomførte me ein vellukka samlerunde i Framnes Arena med over hundre tilskodarar totalt.

Me arrangerte kretsmeisterskap i Bergen saman med Bergen HIL.

Sponsorar og støtte

Klubben har hatt hovudsponsoravtalar med Sparebanken Vest, Kvam Auto, Lingalaks og Thon Hotel Sandven. Me har også hatt fleire mindre sponsoravtalar.

Media

I løpet av sesongen har klubben hatt god dekning i Hordaland Folkeblad. Avisa Sunnhordland har skrive litt om klubbens stordabuer.

Om hausten laga me ein promofilm for eliteserien som var delt via facebook og heimesida til klubben. Om våren laga me ein promofilm for klubben. Denne vart vist på Nettavisen Direktesport og sytti norske nettaviser fleire gonger i samband med senior-NM. I tillegg vart han delt via facebook og heimesida til klubben.

Innkjøp av utstyr og drakter

Klubben har kjøpt inn nye racketar. Me har framleis ein svært god utstyrspark!

Treningsforhold og hall

Klubben har gode treningsforhold i Norheimsund idrettshall. Me har også trena i Framnes Arena ein dag i veka. Me har fire bord utplassert i Framnes Arena og eitt i festsalen på Kvam vidaregåande skule avdeling Øystese.

Me vurderer også fleire alternativ med tanke på bordtennishall.

Dugnad

Klubbens medlemer har utført dugnadsarbeid i samband  med Norheimsund Open, samlerunde i eliteserien og kretsmeisterskap.

Oppsummering

Klubben har gjennomført ein sesong der rekrutteringa har vore veldig god og me har oppnådd veldig gode resultat! Me har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt! Klubben kan vera veldig godt nøgd med sesongen!

Styret

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.