Jack Feng vart årets lagspelar i 5. divisjon avdeling C! Aleksander Norheim vart nummer to og Simon Feng nummer fem på lista. Alle desse tre har stått over kampar i 5. divisjon sidan dei også har spela i 3.divisjon, men likevel er altså alle tre blant dei fem beste poengplukkarane i 5. divisjon! Både singel og dobbelkampane tel på denne lista, men singelkampane tel mest.
I 3. divisjon avdeling d vart Håvard Markhus beste Hardanger-spelar med sin 18. plass.








