Fritidskort og medlemskap

Kvam herad er med på eit pilotprosjekt med Fritidskortet i tidsrommet 01.08.20-01.08.21. Fritidskortet gjev born og unge ( 6-18 år) i Kvam kr 900 pr halvår til å betala medlemskontingent for faste, organiserte fritidsaktivitetar. Det betyr at alle mellom 6 og 18 år kan få dekkja medlemskontingent i Hardanger BTK den neste sesongen om ein ynskjer det! Medlemskontingentet sesongen 2020-2021 er 400,- pr halvår, så du treng ikkje bruka heile Fritidskortet på oss.

Meir info om Fritidskortet finn du her.

Dersom du ynskjer å betala heile eller delar av medlemskontingenten med Fritidskortet, registrerer du det her. NB. Bruk Chrome nettlesar.

Dersom du ikkje betalar heile medlemskontingenten med Fritidskortet vil du få tilsendt faktura på mail frå klubben.

Hardanger BTK går elles over til ei ny ordning for innmelding i klubben.

Dersom du ynskjer å melda deg inn i Hardanger BTK gjer du det her.

Dersom du allereie er medlem treng du ikkje registrera deg.

Me ser fram til ein ny sesong i klubben vår! Meir info om faste treningstider m.m. kjem seinare.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.