Kestutis til topps i Bergen!

Kestitus Barauskas (til venstre) slo Vincent Nguyen i finalen i Herrar c!
Kestutis Barauskas (til venstre) slo Vincent Nguyen i finalen i Herrar C!

Kestutis Barauskas gjekk til topps i Herrar C under Laksevåg BTK Opningsstemne laurdag! I finalen slo han Vincent Nguyen frå Fjell 3-2. Kestutis vart også nummer to i Herrar B, etter å ha tapt mot Justus Reihs frå Heros i finalen. Kestutis var Hardanger BTK sin einaste deltakar i turneringa, som vart arrangert i Olsvik idrettshall i Bergen.

Kestutis kjem frå Litauen, der han har arbeidt som bordtennistrenar. Den siste tida har han budd og arbeidt i Kvam. Han har trena med oss, og i turneringa laurdag stadfesta han at han held eit høgt nivå som spelar! Diverre reiser Kestutis snart tilbake til Litauen, men me håpar han kjem tilbake seinare!

Me gratulerer Kestutis med flotte resultat i si første turnering i Noreg, og ynskjer han lukke til vidare!

Neste turnering er Stord Cup laurdag 10. oktober.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.