Haustferie!

I veke 41 er det haustferie. Det vert ingen faste treningar. Det kan likevel vera at nokon av oss kjem til å møtast for å trena. Ta kontakt med Jan Visser (95559212) dersom du er interessert i å vera med på dette.

Me minner elles om at det er utebord i parkar og ved skular i Norheimsund og Øystese.

Me minner også om Stord Cup laurdag 10. oktober – med påmeldingsfrist 3. oktober. Sjå eiga sak lenger nede på sida.

Hardanger BTK ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god haustferie!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.