Thon Hotel Sandven fortset som hovudsponsor!

Hardanger BTK kan med stor glede melda om at Thon Hotel Sandven fortset som hovudsponsor for klubben denne sesongen! Dette vil vera synleg  på nettsida, under arrangement og i andre samanhengar. Thon Hotel Sandven var også hovudsponsor sist sesong.

Thon Hotel Sandven er eit tradisjonsrikt hotel frå 1857, som ligg midt i Norheimsund sentrum. Det er eit hotel som er flinke til å støtta lokale lag og organisasjonar, og Hardanger BTK er ein dei som får glede av dette! Firmaet vert no saman med Sparebanken Vest og Kvam Auto våre viktigaste støttespelarar denne sesongen.

Me takkar Thon Hotel Sandven for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å fortsetja som hovudsponsor for oss! Me ser fram til vidare samarbeid!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.