
Denne veka har Hardanger BTK gjennomført to kurs. Måndag 19. oktober deltok sju medlemer av styret og sportsleg utval på kurs om «Klubbens styrearbeid i praksis» i regi av Vestland idrettskrets med Eli Orre som kurshaldar. Kurset vart gjennomført digitalt.
Torsdag 22. oktober var det klubbtrenarkurs i regi av Noregs bordtennisforbund med landslagstrenar og klubbutviklar Gundars Rusis som kurshaldar. Kurset vart gjennomført i Norheimsund idrettshall. Tolv deltakarar frå Hardanger BTK, Framnes kristne vidaregåande skule og Søre Neset IL var med på kurset.
Hardanger BTK takkar kurshaldarane for gode og lærerike kurs!





