Alle skal med!

Sparebankstiftinga DNB tildelte i fjor 2,1 millionar til Noregs Bordtennisforbund sitt klubbutviklingsprosjekt «Alle skal med». I første omgang var det berre klubbar i nokre fylke som kunne vera med, men då prosjektet i vår vart utvida til heile landet vart Hardanger BTK med.

Som ein del av prosjektet har me gjennomført to kurs denne veka (sjå eiga sak) og me har fått ein del utstyr. To nye bord med nett kom allereie i vår, og då Gundars Rusis kom til Norheimsund for å halda klubbtrenarkurs denne veka hadde han med ein bag full av racketar og litt faglitteratur.

For Hardanger BTK passar det godt å vera med i eit prosjekt som heiter «Alle skal med» sidan me sjølve profilerer oss med «Bordtennis for alle!», blant anna gjennom eigen video (sjå eiga sak). Me takkar Noregs Bordtennisforbund og Sparebankstiftinga DNB for utstyret og for at me fekk vera med i prosjektet!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.