Lingalaks AS fortset som hovudsponsor for Hardanger BTK!

Hardanger BTK kan med stor glede melde om at Lingalaks AS fortset som hovudsponsor for klubben denne sesongen! Dette vil vera synleg på spelar- og overtrekksdrakter, på nettsida, på arrangement og i andre samanhengar. Lingalaks har vore hovudsponsor for klubben også dei to siste sesongane, og dei var også generalsponsor for Senior-NM 2017.

Lingalaks driv med matfiskproduksjon i Hardanger og Nordhordland. Lingalaks er eit firma som i stor grad er med på å styrka organisasjonar, lag og aktivitetar i deira lokalsamfunn gjennom stønadsbidrag, og no får altså Hardanger BTK nok ein gong glede av dette!

Firmaet vert saman med Sparebanken Vest, Thon Hotel Sandven og Kvam Auto våre viktigaste støttespelarar denne sesongen.

Me takkar Lingalaks for at dei ser verdien av det arbeidet me gjer i klubben, og for at dei difor vel å fortsetja som hovudsponsor for oss! Me ser fram til vidare samarbeid!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.