Seriesesongen 2010-2011 er over, og her kjem ei kort oppsummering om korleis det gjekk med våre to lag i seriesystemet.
I 3. divisjon enda Hardanger nest sist med fattige tre poeng. Dette førte eigentleg til nedrykk, men grunna andre lag som har trekt seg frå seriesystemet har me no fått tilbod om plass i 3. divisjon og takka ja til det. På laget har me nytta heile elleve spelarar: Håvard Markhus, Lars Åge Berge, Kristoffer Hesthammer, Toralv Tolo, Vegar Ljones, Børge Klyve, Nils Arne Stuve, Simon Feng, Aleksander Norheim, Jack Feng og Kristian Sørheim.
I 5. divison har det gått langt betre! Med åtte sigrar av åtte moglege vart det suveren førsteplass og opprykk til 4. divisjon! På laget har me nytta fylgjande seks spelarar: Jack Feng, Aleksander Norheim, Simon Feng, Ørjan Hestenes, Johannes Neteland og Anders Lie Rykkje.
Dermed ser me fram til ein ny sesong der me truleg stiller med to lag i seriesystemet; eitt i 3. divisjon og eitt i 4. divisjon.








