Eliteturnering laurdag

Tre av desse deltek i eliteturneringa laurdag.

Laurdag 28. november arrangerer Laksevåg BTK og Norges Bordtennisforbund Laksevåg Invitasjonsturnering i Olsvikhallen i Bergen. Roger Andersson, Thomas Låte og Jan Roger Andersson deltek i turneringa, og dermed er tre av tolv deltakarar frå Hardanger BTK.

Deltakarane spelar om ein total premiepott på 10 400,-, og førstepremien er 4000,-. Roger er rangert som nummer to i turneringa.

Eigentleg skulle det ha vore eit Noregs Cup-stemne i Bergen denne helga, men det vart avlyst grunn koronarestriksjonar. Eliteturneringa vert gjennomført i samsvar med koronarestriksjonar, og kan gjennomførast sidan dette er eliteidrett.

Turneringa er stengt for publikum, men det vert streaming og resultatservice på laksevagbtk.no.

Me ynskjer spelarane våre lukke til!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.