Tredjeplass til Roger!

Roger Andersson vart nummer tre i laurdagens eliteturnering!

Roger Andersson vart nummer tre i laurdagens eliteturnering i Olsvikhallen i Bergen! Laksevåg Invitasjonsturnering vart arrangert av Laksevåg BTK og Norges Bordtennisforbund, og samla tolv av landets beste herrespelarar.

Roger vart nummer to i puljespelet. I kvarten slo han Wang Bing frå Laksevåg BTK før det vart tap mot turneringsvinnar Jimmy Ojakangas – også han frå arrangørklubben – i semien.

Også Thomas Låte gjekk vidare frå puljespelet. Han sikra seg ein flott femteplass i turneringa! Jan Roger Andersson vart nummer elleve.

Av ein total premiepott på 10 400,- stakk Ojakangas av med 4000,-, medan Roger kom heim tusen kroner rikare.

Eigentleg skulle det ha vore eit Noregs Cup-stemne i Bergen denne helga, men det vart avlyst grunn koronarestriksjonar. Eliteturneringa vart gjennomført i samsvar med koronarestriksjonar, og kunne gjennomførast sidan dette er eliteidrett.

Me gratulerer spelarane med flotte resultat!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.