Viktig info om dei neste vekene!

Tysdag 15. desember arrangerer Hardanger BTK vår tradisjonsrike julegristurnering kl. 18-19. Alle i klubben kan vera med – både born, ungdomar og vaksne.  Det er gratis å delta, og alle vert premierte med sjokoladar og marsipan i ulike storleikar. Kanskje vert det også tid til nokre leikar med premiar.

Onsdag 16. og torsdag 17. desember vert det vanlege treningar.

Dei siste åra har det også blitt ein tradisjon med juleavslutning for alle over 15 år på kinarestauranten i Norheimsund. Denne vert avlyst grunna korona. I staden for satsar me på eit besøk på kinarestauranten i løpet av vinteren eller våren.

Etter treninga torsdag tek me juleferie.

Treningane startar opp att til vanlege tider etter nyttår. Første trening vert tysdag 5. januar.

NB. Info om eventuelle treningar i juleferien kjem seinare.

Me i Hardanger Bordtennisklubb ynskjer alle bordtennisvener ei god jul!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.