Stort utval i klubbutstyr!

Me minner om at Hardanger BTK har eigen nettbutikk hjå Supporter.no. Det betyr at alle som vil enkelt kan bestilla til dømes ryggsekk, paraply, mobildeksel og diverse klede med klubblogo her. Klubben får delar av overskotet av det som vert handla.

Alle medlemer som betalar medlemskontingent og treningsavgift får ei raud klubb-t-skjorte med klubblogo og logoane til klubben sine sponsorar. Dette er nytt denne sesongen. Klubb-t-skjorta bestiller du hjå Iselinn Stuve (iselinnstuve@hotmail.com) eller hjå ein av trenarane på trening. Dersom nokon vil prøva ulike storleikar først er det mogleg å gjera dette på trening. Andre kan også bestilla t-skjorta, men då kostar ho 100,-.

Det er også mogleg å bestilla speledrakt og overtrekksdrakt. Ta kontakt med Roger (40100194, roger@hbtk.no) dersom du er interessert i dette.

Ta også kontakt med Roger dersom du ynskjer å kjøpa ny racket eller anna bordtennisutstyr og treng tips eller hjelp til dette.

NB. Denne informasjonen finn du også under «Klubbutstyr» i menyen øvst på sida.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.