Koronastøtte frå Sparebanken Vest!

Hardanger BTK har motteke 20 000,- i støtte frå Sparebankstiftinga Sparebanken Vest sitt Koronafond! Støtta får me dels som kompensasjon for tapte inntekter under koronapandemien og dels som støtte til deltaking på NM for yngre/Stiga 11-er’n og NM for eldre junior.

Banken har vore vår viktigaste støttespelar og samarbeidspartnar i mange år. Me takkar Sparebanken Vest for at dei nok ein gong støttar oss, og oppmodar alle om å bruka banken!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.