Me startar opp att med treningar!

Den siste veka har ingen kunna trena i klubben vår grunna ei lokal forskrift vedrørande koronasituasjonen, men no er det igjen lov å trena for alle under 20 år samt toppidrettsutøvarar.

Det vert dermed igjen bornetrening tysdagar kl.18-19. Første trening vert tysdag 13. april.

Det vert også mogleg for ungdomar under 20 år og toppidrettsutøvarar å trena. Desse avtalar treningstid med Jan Visser (95559212) eller Roger Andersson (40100194).

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.