Erlend Skeie Langeland ny leiar i Hardanger BTK!

Erlend Skeie Langeland er ny leiar i Hardanger BTK!

På onsdagens årsmøte i Hardanger BTK vart Erlend Skeie Langeland vald til ny leiar. Erlend har solid bakgrunn innan idrett og økonomi. Av utdanning har han blant anna ein Bachelor i Sport Management frå Noregs idrettshøgskule og eit årsstudium i økonomi. Han har solid arbeidserfaring innan organisasjonslivet, etter å ha vore tilsett på KRIK (Kristen idrettskontakt) sitt hovudkontor på Ullevaal Stadion i ei årrekkje samt tre år i Politiets Fellesforbund.

Elles er Erlend kjent som den beste defensive bordtennisspelaren frå Hardangerrregionen gjennom tidene. Vonde tunger meiner at det ikkje skal så mykje til å vera det, men han har trass alt NM-medalje i gutar lag for klubben vår!

Erlend har tidlegare vore sivilarbeidar i klubben, og han er son av tidlegare klubbleiar Morten Langeland. Erlend er busett i Sandviken. Me ynskjer han lukke til når han no gjer eit knallsterkt comeback både ved og utanfor bordet.

Jack Feng ynskte ikkje å fortsetja som leiar, men me er heldige som får både han og Iselinn Stuve med vidare i styret! Jack vert nestleiar, medan Iselinn vert styremedlem.

På onsdagens årsmøte vedtok klubben å gå over til den nye ordninga til NIF med forenkla lovnorm, noko som betyr at det kun vert tre medlemer i styret samt ingen valkomitè eller kontrollkomitè.

Me takkar dei som no går ut av styret for innsatsen, og ynskjer det nye styret lukke til!

Det nye styret ser dermed slik ut:

Leiar: Erlend Skeie Langeland

Nestleiar: Jack Feng

Styremedlem: Iselinn Stuve

Under «Om klubben» øvst på sida finn du ei oppdatert oversikt over alle med faste oppgåver i klubben.

Sju medlemer møtte på årsmøtet, som vart avvikla i Norheimsund idrettshall. Årsmøtet kunne slå fast at 2020 var eit vellukka år for klubben – trass i korona.

Årsmeldinga vert lagt ut på nettsida i ei eiga sak seinare.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.