Årsmelding 2020

Onsdagens årsmøte i Hardanger BTK kunne slå fast at 2020 vart eit vellukka år for klubben – trass i korona.

Her kjem årsmeldinga som vart godkjend på årsmøtet:

Årsmelding Hardanger Bordtennisklubb 2020

Innleiing

Her kjem årsmelding for 2020. Denne er kortfatta. Ei meir omfattande sesongmelding vert godkjend av styret og lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt i juni.

Organisasjon

Styret har vore samansett slik sidan sist årsmøte:

Leiar:                          Jack Feng                               Vald til 2021

Nestleiar:                   Ivo Beijersbergen                  Vald til 2021

Styremedlemer:         Jan Roger Andersson             Vald til 2021

                                   Iselinn Stuve                          Vald til 2021

                                   Jeannette Huttenlocher          Vald til 2021

Varamedlemer:          Aodne Valland                       Vald til 2021

                                   Obaida Taha                           Vald til 2021

Kontrollkomitè:
Medlemer:         Thomas Sætre
                           Sverre Valderhaug
Varamedlem:     Jan Erik Støldal

Valkomitè:
Leiar:                  Håvard Markhus
Medlemer:          Roger Andersson
                           Simon Feng
Varamedlem:     Jannik Huttenlocher

Rekneskapsførar:      Anders Hovden

Ein del verv fylgjer sesongane. Oversikt over desse står i sesongmeldingane.

Styrearbeid
Styret har gjennomført tre styremøte og har i tillegg hatt kontakt via telefon og mail.

Medlemstal 

Klubben har hatt over femti medlemer.

Farmerklubb og medlemer andre stader

Strand ULV IL BTG  på Hatlestrand er farmerklubb av Hardanger BTK. Klubben har hatt lite aktivitet dei siste åra.

Hardanger BTK har aktive medlemer i Bergen, Stord, Bømlo, Polen, Sverige og Slovenia i tillegg til i fleire bygder i Kvam.

Forbundsting, regionsting og valde representantar

Håvard Markhus representerte klubben på regionstinget i august. Jack Feng og Iselinn Stuve vart begge attvalde som styremedlemer i Bordtennisregion Vest. 

Eigne arrangement

Me arrangerte Norheimsund Open, heimekampar i seriesystemet og julegristurnering.

Kurs

Jack Feng, Roger Andersson og Jan Roger Andersson deltok på forbundsdommarkurs i Bergen, og vart dei tre første i klubbens historie som har teke dette kurset.

Sju medlemer deltok på kurset «Klubbens styrearbeid i praksis» via internett.

Sju medlemer deltok på klubbtrenarkurs i Norheimsund.

Økonomi

Økonomisk gjekk klubben med eit underskot på kr 22.134,- i 2020. Me har pengar på konto og ein ryddig økonomi.

Dugnad

Klubbens medlemer har utført dugnadsarbeid i samband med Norheimsund Open og maling av hus.

Oppsummering

Klubben har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt!

2020 vart prega av korona. Likevel kan me vera veldig godt nøgde med året! Høgdepunktet var då førstelaget vårt sikra seg bronse i sluttspelet i debutsesongen i eliteserien våren 2020!

Sjå elles sesongmeldingane, som vert lagt ut på hbtk.no etter sesongslutt i juni kvart år.

Styret

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.