Støtte frå Gjensidigestiftelsen!

Hardanger BTK har motteke 35 000,- i støtte frå Gjensidigestiftelsen! Støtta skal gå til sommaraktivitetar. Hardanger BTK kjem til å tilby ulike aktivitetar for born og unge i sommar. Aktivitetane kjem til å vera gratis, og dei vil vera opne for både medlemer og andre. Meir info om dette tilbodet kjem seinare.

Totalt deler Gjensidigestiftelsen ut 64 millionar til sommaraktivitetar denne sommaren, og seks bordtennisklubbar er blant mottakarane.

Me takkar Gjensidigestiftelsen for den flotte støtta!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.