Klart for Ung Fritid Sommar 2021!

Ein del har teke sommarpause frå bordtennis, men for dei som ynskjer det er det framleis mogleg å trena. Hardanger BTK fortset med vanlege treningar fram til skulane tek sommarferie. Det vil seia at det vert vanlege treningar ut veke 24.

Veka etter startar Ung Fritid Sommar i Kvam. Gjennom sommaren vert det arrangert ei rekkje ulike aktivitetar i samarbeid mellom Kvam herad og ulike aktørar.

Hardanger BTK er med på prosjektet takka vera god støtte frå Gjensidigestiftelsen (sjå tidlegare sak). Me har også motteke ekstra støtte frå heradet.

Hardanger BTK tilbyr femten dagar med ulike aktivitetar for born og unge gjennom sommaren. Det vert bordtennis, ballspel og leikar, aktivitetsdagar, bowling (i samarbeid med Kvam Bowlingklubb) og klatring (i samarbeid med Kvam Klatreklubb). Du kan melda deg på til ein eller fleire dagar. Alle aktivitetane er gratis, og dei er opne både for medlemer og andre!

Informasjon om våre aktivitetar og alle andre tilbod under Ung Fritid Sommar finn du her. Våre tilbod finn du under Aktivitetscamp, og me har aktivitetar alle dei fem vekene som Ung Fritid Sommar varar. Informasjon om påmelding finn du også på denne sida.

På dagane med bordtennis er det oppgjeve 4. klasse til 18 år som aldersgrense. Dersom du er yngre eller eldre enn dette og ynskjer å vera med på desse dagane kan du ta kontakt med Håvard Markhus (91535549) eller Jan Visser (95559212). Det same kan du gjera om du ynskjer å hjelpa til under våre aktivitetar.

Bortsett frå øktene under Ung Fritid Sommar, vert det ikkje faste treningar i sommarferien. Likevel vil ein del av oss møtast for å spela også elles i løpet av sommaren. Ta kontakt med Jan eller Håvard dersom du er interessert i å vera med på dette.

Me minner elles om at det er utebord i parkar og ved skular i Norheimsund og Øystese.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.