Sommarferie!

Hardanger BTK har no teke pause frå dei faste treningane. Det betyr ikkje at det ikkje skjer noko i klubben. Me har gjennomført den første veka med Ung Fritid Sommar i Kvam, og det har vore veldig godt oppmøte på våre aktivitetar! Me skal framleis gjennomføra mange aktivitetar. Sjå meir info om Ung Fritid Sommar i ein annan sak på denne sida.

Bortsett frå øktene under Ung Fritid Sommar, vert det ikkje faste treningar i sommarferien. Likevel vil ein del av oss møtast for å spela også elles i løpet av sommaren. Ta kontakt med Håvard Markhus (91535549) eller Jan Visser (95559212) dersom du er interessert i å vera med på dette.

Me minner elles om at det er utebord i parkar og ved skular i Norheimsund og Øystese.

Me ynskjer alle medlemer og andre bordtennisvener ein god sommar!!

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.