Fire NM i haust!

Bordtennissesongen 2021-22 startar med Laksevåg Opningsstemne laurdag 21. august. Sjå eiga sak om det. Deretter fylgjer fire koronautsette NM frå sist sesong:

NM for yngre/Stiga 11-ern i Trondheim 03.-05. september. Påmeldingsfrist 17. august.

NM for senior i Bergen 10.-12. september, Påmeldingsfrist 24. august.

NM for junior og eldre junior på Lørenskog 17.-19. september. Påmeldingsfrist 18. august.

NM for veteranar i Bergen 09.-10. oktober. Påmeldingsfrist 08. september.

Ta kontakt med Håvard (91535549) eller Roger (40100194) dersom du ynskjer å delta på eitt eller fleire av desse meisterskapa.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.