Vellukka Ung Fritid!

Frå grilling på Framnes.

Hardanger BTK har i løpet av sommaren gjennomført femten dagar med ulike aktivitetar for born og unge gjennom Ung Fritid Sommar i Kvam. Dette er eit samarbeid mellom Kvam herad og ulike aktørar.

Hardanger BTK har vore med på prosjektet takka vera god støtte frå Gjensidigestiftelsen (sjå tidlegare sak). Me har også motteke ekstra støtte frå heradet.

Me har gjennomført bordtennis, ballspel og leikar, aktivitetsdagar, bowling (i samarbeid med Kvam Bowlingklubb) og klatring (i samarbeid med Kvam Klatreklubb). Alle aktivitetane har vore gratis og opne både for medlemer og andre!

Over femti born og unge har delteke på aktivitetane, og elleve vaksne og ungdomar frå klubben har hjelpt til.

I tillegg til øktene under Ung Fritid Sommar, har me også hatt andre treningar i løpet av sommaren. Det har med andre ord vore ein svært aktiv sommar i klubben vår!

Deltakarane vert testa i kunnskap under aktivitetsløype.
Ein frivillig tok seg ein pust i bakken medan deltakarane portretterte han.

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.