Sesongmelding 2020-2021

Her kjem sesongmelding for sesongen 2020-2021. Ta kontakt med Håvard (91535549, havard@hbtk.no) dersom du oppdagar feil eller manglar i sesongmeldinga.

Sesongmelding Hardanger Bordtennisklubb sesongen 2020-2021

Innleiing

Her kjem sesongmelding for sesongen 2020-2021. HBTK lagar kvart år ei kortfatta årsmelding og ei meir omfattande sesongmelding. Desse utfyller kvarandre. Grunna koronaviruset er også sesongmeldinga relativt kortfatta denne gongen.

Årsmeldinga vert godkjend på årsmøtet, medan sesongmeldinga vert godkjend av styret. Begge vert lagt ut på hbtk.no.

Organisasjon

Sportsleg utval:

Leiar: Håvard Markhus

Medlemer: Roger Andersson og Jack Feng

Dugnadsutval:

Jeanette Huttenlocher og Iselinn Stuve

Sponsorarbeid: Jack Feng, Håvard Markhus, Vidar Sangolt

Trenarar: Roger Andersson, Håvard Markhus, Jan Visser, Jannik Huttenlocher

Lagleiarar: Jack Feng (HBTK 1), Håvard Markhus (HBTK 2)

Medlemsansvarleg: Håvard Markhus

Påmeldingsansvarleg: Roger Andersson

Materialforvaltar (innkjøp): Roger Andersson, Iselinn Stuve

Materialforvaltar (reparasjonar): Roger Andersson, Jan Visser

Politiattestar: Ivo Beijersbergen

Nettside: Håvard Markhus

Veterankontakt: Endre Furu

Nokre verv fylgjer perioden mellom årsmøta. Oversikt over desse står i årsmeldingane.

Medlemstal, rekruttering, treningar

Klubben har hatt over femti medlemer. Rekrutteringa har vore relativt god, sjølv om koronaviruset truleg har medverka til at det har vore færre til stades på treningane enn ein vanleg sesong. Me har mange aktive medlemer – både born, ungdomar og vaksne og av begge kjønn! Klubben har hatt trening i Norheimsund idrettshall fem dagar i veka.

Samarbeid med skular

Klubben har ikkje gjennomført bordtennisøkter med klassar på nokon skular denne sesongen, men me har hatt besøk av to grupper frå idrettskulen til Kvam LSK. To lærarar frå Framnes Kristne Vidaregåande Skule har vore med på klubbtrenarkurs med tanke på å gjennomføra økter med elevar på skulen.

Farmerklubb og medlemer andre stader

Strand ULV IL BTG  på Hatlestrand er farmerklubb av Hardanger BTK. Klubben har hatt lite aktivitet dei siste åra.

Hardanger BTK har aktive medlemer i Bergen, Stord, Bømlo, Polen, Sverige og Slovenia i tillegg til i fleire bygder i Kvam.

Trenarar

Hovudtrenar har vore tidlegare kongepokalvinnar Roger Andersson. I tillegg har Håvard Markhus, Jan Visser og Jannik Huttenlocher vore trenarar.

Seriespel

Hardanger BTK skulle ha to lag i seriesystemet sesongen 2020-2021; eitt i eliteserien og eitt i 4. divisjon. Alt seriespel vart avlyst grunna koronaviruset.

Deltaking i turneringar i Noreg

Det aller meste av turneringar har vorte avlyst grunna koronaviruset. Me har berre hatt deltakarar med i Laksevåg Opningsstemne, Stord Cup og ei eliteturnering i Bergen.

Resultat

Roger Andersson vart nummer tre i herrar elite i ei eliteturnering i Bergen.

Lagsmeistrar

Lagsmeisterskapen 2021 vart utsett grunna koronaviruset.

Forbundssamlingar, landslagsoppdrag og deltaking i utlandet

Det meste har blitt avlyst eller utsett grunna koronaviruset, men Jan Roger Andersson har delteke på forbundssamling i Oslo

Eigne arrangement

Klubben har arrangert trenarkurs i samarbeid med NBTF samt julegristurnering. Alle andre arrangement har blitt avlyst grunna koronaviruset.

Sponsorar og støtte

Klubben har hatt hovudsponsoravtalar med Sparebanken Vest, Kvam Auto, Lingalaks og Thon Hotel Sandven. I tillegg har me hatt fleire mindre sponsoravtalar. Me har også motteke støtte frå Norges Idrettsforbund og Kvam herad.

Media

I løpet av sesongen har klubben hatt dekning i Hordaland Folkeblad, men koronaviruset har gjort at denne har vore langt mindre omfattande enn vanlegvis.  

Innkjøp av utstyr og drakter

Klubben har ikkje kjøpt inn noko utstyr denne sesongen, men me har fått to bord med nett samt racketar frå NBTF i samband med eit prosjekt me var med på. Me har framleis ein svært god utstyrspark!

Treningsforhold og hall

Klubben har gode treningsforhold i Norheimsund idrettshall. Me har to bord utplasserte i Framnes Arena og eitt i festsalen på Kvam vidaregåande skule avdeling Øystese.

Me vurderer også fleire alternativ med tanke på bordtennishall.

Dugnad

Klubbens medlemer har utført dugnadsarbeid i samband med maling av eit hus.

Oppsummering

Sesongen vart prega av koronaviruset. Likevel har me har klart å halda aktiviteten i klubben oppe og gjennomført treningar med relativt bra oppmøte bortsett frå i periodar då dette ikkje har vore lov. Sterke resultat vart det lite av denne sesongen, rett og slett fordi det aller meste av arrangement vart avlyst. Me har mange medlemer som tek på seg oppgåver, og drifta av klubben går godt! Klubben kan vera veldig godt nøgd med sesongen!

Sjå elles årsmeldingane, som vert lagt ut på hbtk.no etter årsmøte kvart år.

Styret

Dette innlegget vart lagt inn i Ymse. Bokmerk fastlenkja.